... |
|
Informasjon om løyveordninga |
Løyveordninga:
Den som skal drive godstransport med motorvogn over 3500 kg eller persontransport mot
vederlag må ha løyve. Det er berre reint sporadisk verksemd som ikkje vert
omfatta av ”drive” omgrepet. Det vil seie at privatpersonar, eller
til dømes idrettslag, i visse enkeltståande høve kan utføre
transportoppdrag utan løyve. Omgrepet vederlag femner vidt og omfattar ei kvar form for godtgjersle
for utført transportoppdrag. Som vederlag vert rekna all form for betaling,
slik som pengar eller naturalytingar, uavhengig av om vederlaget gjev, eller er meint å gje forteneste.
Godsløyve:
Godsløyve gjev innehavaren rett til
å drive godstransport med motorvogn eller motorvogn med tilhengar med tillatt totalvekt over 3500 kg.
Turvognløyve:
Turvognløyve gjev innehavaren rett
til å drive persontransport med motorvogn registrert for over åtte
personar i tillegg til sjåføren (buss).
Drosjeløyve:
Drosjeløyve gjev innehavaren rett og
plikt til å drive persontransport utanfor rute med motorvogn registrert
for opptil åtte personar i tillegg til sjåføren (personbil). I særlege
høve kan ein gje drosjeløyve for motorvogn registrert for opptil 16
sitjeplassar i tillegg til sjåføren.
Selskapsvognløyve:
Selskapsvognløyve gjev innehavaren
rett til å drive persontransport med motorvogn registrert for opptil åtte
sitjeplassar i tillegg til sjåføren. Det vert stilt krav om at motorvogn
som vert nytta som selskapsvogn skal godkjennast av løyvestyresmakta og at
berre eksklusivt materiell vert nytta (limousin).
Løyve for transport for funksjonshemma:
Løyve for transport for funksjonshemma
gjev innehavaren rett og plikt til å drive transport med motorvogn som er
spesielt utforma og utstyrt for transport for funksjonshemma i samsvar med
gjeldande tekniske føresegner.
Eigentransport:
Som ledd i anna næringsverksemd kan
ein næringsdrivande drive eigentransport. Ein treng ikkje løyve for eigentransport,
men motorvogna skal vere utstyrt med eigentransporterklæring. Næringsdrivande innan denne kategorien vil difor
ikkje gå fram av oversikta.
Rutetransport:
For rutetransport av personar med motorvogn eller fartøy
krevst eige ruteløyve. Slike løyve går ikkje fram av oversikta.
Nummerering av løyve
Det er utarbeidd ein landsdekkande åttesifra nummerserie for løyve.
Løyvenummeret til dømes 12 04 1234 er sett saman slik at dei to første siffera 12 er fylkesnummer, dei to neste 04 er løyvetype og dei fire siste siffera 1234 er løpenummer for løyve.
Dei to første siffera viser til fylkeskommune
01 Viken (tidl. Østfold)
02 Viken (tidl. Akershus)
03 Oslo
04 Innlandet (tidl. Hedmark)
05 Innlandet (tidl. Oppland)
06 Viken (tidl. Buskerud)
07 Vestfold og Telemark (tidl. Vestfold)
08 Vestfold og Telemark (tidl. Telemark)
09 Agder (tidl. Aust-Agder)
10 Agder (tidl. Vest-Agder)
11 Rogaland
12 Vestland (tidl. Hordaland)
14 Vestland (tidl. Sogn og Fjordane)
15 Møre og Romsdal
50 Trøndelag
18 Nordland
19 Troms og Finnmark (tidl. Troms)
20 Troms og Finnmark (tidl. Finnmark)
Dei to neste siffera viser til løyvetype, der
01 er løyve for godstransport
02 er turvognløyve
03 er drosjeløyve
04 er selskapsvognløyve
05 er løyve for transport av funksjonshemma
06 er ruteløyve med motorvogn
07 er ruteløyve med fartøy.
Dei fire siste siffera er løpenummer for løyve.
For drosje går løpenummeret fram av takskiltet. Ved søk skal fylkesbokstav ikkje nyttast.
For meir informasjon om løyveordningane sjå Samferdselsdepartementet sine heimesider, eller ta kontakt med den næraste fylkeskommunen/Oslo kommune.
(lenker).
|